Korleis jobbe med U&R
I Unge & Rus arbeider de i grupper og bruker Internett aktivt. Kvar gruppe blir leidd av ein gruppeleiar som deltek på gruppeleiaropplæring.
Det er ulike tema i Unge & Rus, og de bør arbeide med temaa i den rekkjefølgja dei står i. De gjer blant anna undersøkingar i nærmiljøet, lærer om skadeverknader av alkoholbruk, diskuterer korleis de kan stå imot drikkepress, og lagar rollespel.
De arbeider også med Elevsynspunkt, ei større oppgåve der gruppa vel tema og presentasjonsmåte.
I heile arbeidet med Unge & Rus er det viktig at kvar einskild reflekterer sjølv og medverkar til diskusjonar i gruppa. Resultatet blir best når gruppa samarbeider godt!
I Unge & Rus er det to foreldremøte.