Foreldre/føresette

Måla med Unge & Rus er i samarbeid mellom skole og heim

  • å utvikle kunnskapar og evne til å tenkje kritisk om bruk av alkohol
  • å styrkje haldningane mot bruk av alkohol
  • å styrkje evna til å seie nei til rus
  • å utsetje alkoholdebut

Måla med at foreldre/føresette deltek i arbeidet, er

  • å styrkje fellesskapet mellom foreldre/føresette
  • å styrkje den autoriteten foreldra og dei føresette har til å setje grenser når barna vil prøve ut rusmiddel
  • å styrkje kompetansen blant foreldre/føresette til å snakke med barna om bruk av rusmiddel


Kvifor satse på samarbeid med foreldre/føresette?
Overgangen frå barn til ungdom inneber nye utfordringar for dei unge og set nye krav til foreldre/føresette. Barn søkjer erfaringar med rusmiddel på grunnlag av dei førestellingane og forventningane dei har. Handlingsval kan påverkast, ikkje minst gjennom foreldre/føresette som representerer ein verdifull ressurs i det rusførebyggjande arbeidet, og som er svært viktige i arbeidet med å påverke dei normene og haldningane barn og unge har til alkohol, tobakk og andre rusmiddel.

Rusbruk er eit konfliktfylt tema, ikkje minst i forholdet mellom foreldre/føresette og barn. Ein samtale om rus blir derfor også ofte spenningsfylt. Samtalen må fokusere på den praksisen og dei haldningane foreldra og dei føresette har overfor barna når barna vil prøve ut rusmiddel, og ikkje på rusbruken som foreldra og dei føresette sjølv står for. Men truleg kan dette indirekte også føre til refleksjonar om eigen rusbruk .

Det er foreldra og dei føresette som har det primære oppdragaransvaret for barna, og skolen skal vere ei støtte i det førebyggjande arbeidet. Det skaper tryggleik både i barnegruppa og i foreldre/føresette-gruppa når det er felles haldningar til vanskelege tema i barneoppsedinga. Det er ein føresetnad at foreldra og dei føresette kjenner både kvarandre og barna til dei andre, dersom dei skal setje felles standardar for kva som er akseptable aktivitetar og åtferd blant dei unge.

Ei evaluering av foreldresamarbeidet i Unge & Rus viser at programmet har positiv innverknad på kontakten og opplevinga av fellesskap mellom foreldre/føresette. Evalueringa viser også at elevar og foreldre/føresette snakkar oftare og på ein betre måte om rus.

Evalueringa avdekte samtidig eit misforhold mellom i kva grad dei unge prøver ut rusmiddel, og kva foreldra og dei føresette veit om dette. Programmet er med på å redusere dette misforholdet.