Gruppeleiar

Du som er gruppeleiar, skal leie gruppa gjennom dette arbeidet. Oppgåvene dine som gruppeleiar er

  • å samarbeide med læraren om planlegging og gjennomføring av Unge & Rus 
  • å kjenne måla til Unge & Rus 
  • å vite kva for oppgåver de skal løyse
  • å sørgje for at oppgåvene blir fordelte mellom dei som er med i gruppa 
  • å leie diskusjonane i gruppa og sørgje for at alle får høve til å delta
  • å halde tidsfristane
  • å motivere gruppa til å bli ferdig med oppgåva "vår meining" til avtalt tid
  • å skrive logg


Arbeidsmetodar

I Unge & Rus er det individuelle oppgåver, gruppeoppgåver og heimeoppgåver. Gruppeleiaren må alltid vite kva for oppgåver gruppa skal arbeide med. Denne informasjonen skal du få av læraren din. Oppgåvene skal oppsummerast i plenum på slutten av kvar dag.


Samarbeidsreglar

Gruppeleiaren skal ta ansvar for at gruppa diskuterer korleis samarbeidet skal gå føre seg. Det er viktig at alle i gruppa er med på gruppearbeidet, og at alle meiningar blir høyrde!

Eksempel på samarbeidsreglar:

  • Sei di meining og lytt til andre.
  • Tidsfristane må haldast.
  • Alle må vere med og gjere sitt beste.
  • Arbeidsoppgåvene må fordelast likt.
  • Problem skal løysast innanfor gruppa.
  • Ein kan vere ueinige utan å vere uvenner.
  • Det daglege arbeidet er like viktig som sluttproduktet.


Logg
De skal skrive logg kvar dag! I loggen tek de med

  • kva gruppa har arbeidd med i dag
  • korleis arbeidsinnsatsen har vore
  • om gruppa har teke ansvar
  • om det har gått greitt å halde avtalar og tidsfristar
  • kva som har gått bra
  • kva som har gått mindre bra

Bruk gjerne ei eiga loggbok til loggen.

Elevsynspunkt

Bakerste rad

Ikke oppgitt

Rus er ikke bra!

Robin, Marianne, Birgitte, Silje og Mari

Rommetveits gang

Ikke oppgitt