Måla med Unge & Rus
Måla med Unge & Rus er
- å utvikle kunnskapar og evne til å tenkje kritisk om bruk av alkohol
- å styrkje haldningane mot bruk av alkohol
- å styrkje evna til å seie nei til rus
- å utsetje alkoholdebut
I Unge & Rus arbeider elevane gruppevis med desse temaa:
- Påverknad - kultur og tradisjonar
- Meiningar om alkohol
- Bruk av alkohol
- Meistring av drikkepress
- Elevsynspunkt
Unge & Rus blir gjennomført i samarbeid mellom deg, skolen og foreldra dine / dei føresette.
I Unge & Rus står elevane i sentrum. De skal blant anna gjennomføre undersøkingar i nærmiljøet, diskutere korleis de kan stå imot drikkepress, lage rollespel og presentere elevsynspunkt.