Mål

Unge & Rus er eit rusførebyggjande tiltak med hovudvekt på normene og haldningane til alkohol blant barn og unge. Elevar, lærarar og foreldre/føresette er målgrupper for tiltaket. Sentrale pedagogiske verkemiddel er problembasert læring og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

Måla med Unge & Rus er i samarbeid mellom skole og heim 

  • å utvikle kunnskapar og evne til å tenkje kritisk omkring bruk av alkohol
  • å styrkje haldningane mot bruk av alkohol
  • å styrkje evna til å seie nei til alkohol
  • å utsetje alkoholdebut


Måla med lærardeltakinga er

  • å styrkje den faktiske og opplevde kompetansen til lærarane som verdiformidlarar
  • å styrkje kontakten mellom heim og skole 

    
Måla med foreldredeltakinga er

  • å styrkje fellesskapet mellom foreldra 
  • å styrkje den autoriteten foreldra har til å setje grenser for barns utprøving av rusmiddel 
  • å styrkje den kompetansen foreldra har til å snakke med barna sine om bruk av rusmiddel