Verknader av alkohol

Promille

Promille er eit mål på kor mykje (kor stor mengd) alkohol eit menneske har i blodet. Dersom nokon har 1 promille, tyder det at dei har 1 gram alkohol per liter blod i kroppen.

Det som avgjer kor høg promille ein har, er blant anna

  • kor sterk alkoholdrikk ein får i seg (kor høg alkoholprosent det er i drikken)
  • kor fort ein drikk
  • kor mykje ein har ete på førehand

Det er ikke lov å køyre bil dersom ein har over 0,2 i promille. Menneske er forskjellige og kan få forskjellig promille sjølv om dei drikk like mykje.

Slik blir kroppen påverka av kor høg promille ein har:

0,2 Auget får dårlegare evne til å fokusere raskt og venje seg frå lys til mørke.
0,5 Ein er det vi kan kalle ”litt pussa”. Ein blir dårlegare til å oppfatte ein situasjon og reagere riktig på han.
0,8 Ein blir dårlegare å koordinere rørsler og får lengre reaksjonstid.
1,0 Ein blir dårlegare til å konsentrere seg, og det er vanskelegare å følgje med. Ein kan kjenne seg trøytt, få dårlegare balanse og problem med rørsler.
1,5 Endå større problem med rørslene, det blir vanskeleg å snakke klart, ein tek til å snøvle
2,0 Ein misser kontroll over seg sjølv, og kroppen reagerer som når han blir forgifta.
3,0 Ein har ikkje kontroll over urinblæra og kan tisse på seg. Ein kan bli bevisstlaus.

Rusverknaden

Med rusverknaden meiner vi korleis alkohol verkar på kroppen.

Mange trur at alkoholen berre verkar oppkvikkande, men det verkar også dempande og døvande, og ein blir sløva.

Alkoholrusen kan forandre humøret. Ein blir dårlegare til å konsentrere seg og hugse, og mange tek større sjansar enn elles. Dersom ein drikk mykje alkohol, får ein dårlegare balanse og vanskar med å koordinere rørslene sine. Etter kvart kan ein bli trøytt og sovne.

Alkohol blir sogen opp i kroppen gjennom magesekken og tarmen. Ruseffekten kjem etter 10–20 minutt, når blodet fraktar alkoholen til cellene i kroppen. Dersom ein et mens ein drikk, eller har ete mykje før ein drikk, så går dette saktare og i tillegg hindrar ein at ein del av alkoholen når blodet

Skadeverknader
Ved nesten alle brå dødsfall og ulykker som fører til invaliditet hos ungdom og unge vaksne, ser vi at alkohol speler ei rolle. Det gjeld alle slags ulykker og ei rekkje former for andre skadar som drukning, brann, sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Det er mykje større sjanse for å skade seg dersom ein er påverka av alkohol, rett og slett fordi ein misser litt kontroll over kroppen. Mange blir også veldig dristige av alkohol, og tenkjer ikkje så nøye over at dei kan skade seg sjølv eller andre med å gjere dumme ting. Dessutan forandrar mange seg ganske mykje når dei drikk mykje alkohol, og det kan vere veldig ubehageleg for andre.

Svært mange som øver vald, gjer det under påverknad av alkohol. Det er også slik at dei unge som blir utsette for vald, svært ofte er påverka av alkohol.

Dessutan er det – for unge jenter – mykje større fare for å bli utsett for seksuelle overgrep (for eksempel valdtekt), frå både jamaldrande og vaksne menn, når jentene har drukke alkohol.

Alle organ i kroppen kan bli skadde av eit uheldig alkoholkonsum. Med uheldig alkoholkonsum meiner vi både når ein drikk mykje alkohol ein sjeldan gong, og når ein drikker mindre alkohol ofte og i ein lang periode.

Skadar som kan oppstå

  • Alkohol kan føre til skade på hjerneceller, sånn at evna til å lære og å hugse blir dårlegare.
  • Uheldig alkoholkonsum kan føre til at hjartet arbeider dårlegare, ved at det oppstår sjukdommar i hjartemuskelen.
  • Mage- og tarmsystemet vil også over tid protestere, og det oppstår sår og ulike betennelsar.
  • Uheldig alkoholkonsum kan skade kjertlane og dermed øydeleggje hormonproduksjonen. Hos ungdom kan feil i hormonpåverknaden gjere stor skade fordi ungdom ikkje er ferdig utvikla.
  • Når alkoholen skal omsetjast i kroppen, er levra veldig sentral. Dersom levra må bruke mykje energi på å jobbe med alkohol, vil feittet hope seg opp i levra. Det gjer at ho jobbar dårlegare på alle måtar, og av det kan vi bli alvorleg sjuke.
  • Nervebanene i kroppen er isolerte av eit tynt feittlag. Dersom vi drikk mykje alkohol, vil dette feittlaget bli øydelagt. Mange som har misbrukt alkohol over tid, har problem med å gå og med å halde hendene roleg.

Avhengnad
Alkohol er eit stoff som kan skape avhengnad. Dersom ein drikk mykje alkohol over lang tid, kan det skape alkoholavhengnad. Alkoholavhengighet vil gå ut over kroppens evne til å fungere. Det vil også gå ut over korleis vi har det med oss sjølv og med andre menneske.

Nokre teikn på at ein person er blitt avhengig av alkohol, er rastløyse og søvnproblemer i periodar då ein ikkje drikk, ein toler meir og meir alkohol, drikk raskt, gløymer å ete, føler seg uopplagd, drikk for å dempe stress, redsel og tristhet. Når einer avhengig av alkohol og det er ei stund sidan ein har fått det, kan ein få noko som heiter abstinensar.

Storforbrukarar av alkohol kan få kraftige abstinensar ca. 1-2 dagar etter siste gong dei drakk alkohol. Dei kan oppleve skjelving, rask puls, kvalme, sveitting, hovudverk, rastløyse, høgt blodtrykk og søvnproblem. Dei kan òg føle seg trist og redd. I dei aller verste tilfella kan ein oppleve den kraftigaste abstinensen og få krampar i muskulaturen og hallusinasjonar (at ein høyrer eller ser ting som ikkje er der).

Skadeverknader
Ved nesten alle brå dødsfall og ulykker som fører til invaliditet hos ungdom og unge vaksne, ser vi at alkohol speler ei rolle. Det gjeld alle slags ulykker og ei rekkje former for andre skadar som drukning, brann, sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Det er mykje større sjanse for å skade seg dersom ein er påverka av alkohol, rett og slett fordi ein misser litt kontroll over kroppen. Mange blir også veldig dristige av alkohol, og tenkjer ikkje så nøye over at dei kan skade seg sjølv eller andre med å gjere dumme ting. Dessutan forandrar mange seg ganske mykje når dei drikk mykje alkohol, og det kan vere veldig ubehageleg for andre.

Svært mange som øver vald, gjer det under påverknad av alkohol. Det er også slik at dei unge som blir utsette for vold, svært ofte er påverka av alkohol.

Dessutan er det – for unge jenter – mykje større fare for å bli utsett for seksuelle overgrep (for eksempel valdtekt), frå både jamaldrande og vaksne menn, når jentene har drukke alkohol.

Alle organ i kroppen kan bli skadde av eit uheldig alkoholkonsum. Med uheldig alkoholkonsum meiner vi både når ein drikk mykje alkohol ein sjeldan gong, og når ein drikker mindre alkohol ofte og i ein lang periode.

Debutalder

Debutalder vil seie kor gammal ein er første gong ein drikk alkohol, røykjer eller prøver andre rusmiddel.

Ved alkohol kallar vi det alkoholdebut når ein drikk ei eining alkohol for første gong (ei eining vil seie 1 flaske (3,5 dl) øl, eit glas vin eller ein drink brennevin). Somme gonger snakkar ein om alkoholdebut i samband med første gong ein opplever alkoholrus.

For dei fleste vil alkoholdebut bli følgd av jamlege episodar med inntak av alkohol.

Kor viktig er debutalderen

Ei rekkje studiar viser at dei som begynner tidleg å drikke alkohol, ofte drikk mykje når dei blir vaksne. Somme kan få alkoholproblem i ung vaksen alder. Derfor er det viktig at ein ikkje begynner å drikke alkohol før ein er gammal nok.

Alkohol

Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet i Europa, og det har vore brukt i fleire tusen år. Det vi i daglegtale kallar alkohol, er meir presist etylalkohol, etanol, og blir også kalla sprit.

Etylalkohol er berre ei av fleire hundre organiske sambindingar som vi kallar alkoholar, men det er den som blir brukt i øl, vin, brennevin og sprit.

Alkohol (sprit) blir framstilt ved gjæring av sukkeret i korn, mais, ris, frukter, poteter, honning og melasse. Når alkoholkonsentrasjonen når 15-18 %, stoppar gjæringa opp. Øl, raudvin og kvitvin kan derfor maksimalt ha ein alkoholprosent på 15. Brennevin - whisky, gin, konjakk, rom, akevitt og liknande - blir framstilt ved destillering og har vanlegvis alkoholprosent på 22-45 %.

 

Alkoholens historie
Alkohol har vore kjent og brukt i uminnelege tider. Det blei oppdaga i fleire kulturar uavhengig av kvarandre.

Den tidlegaste kjende ølbrygginga gjekk føre seg i Babylonia 6000 år f.Kr., mens brennevinsprosessen først blei kjend i Kina og India vel 1000 år f.Kr. Brenninga kom til Europa via arabarane i seinmiddelalderen.

Vin har dominert alkoholbruken i Sør-Europa, der det først og fremst har vore ein tørste- og måltidsdrikk, mens øl og brennevin dominerer i Nord-Europa, der alkohol først og fremst har vore ein fest- og høgtidsdrikk.

 

Bruk av alkohol i Noreg i dag
Alkohol er ei lovleg vare som har både positive og negative sider. Det er eit mål å avgrense dei uheldige sidene ved bruk av alkohol. Eit av desse tiltaka er rusførebygging i skolen, som for eksempel Unge & Rus. Andre måtar å avgrense bruk av alkohol er for eksempel aldersgrense, prisar, kven som har lov å selje alkohol, og kor ein har lov å drikke alkohol. Kommunen du bur i, er blant anna med på å avgjere kven som skal få selje alkohol, og åpningstidene.

Alkoholbruk kan føre til mange skadar, for eksempel bilulykker, vald og helseskadar. Desse skadane kostar i Noreg ca. 18-20 milliardar kroner kvart år.

Alkoholprosent

Med alkoholprosent meiner vi kor stor del av drikken alkoholen utgjer. Resten av drikken er anna væske (for eksempel vatn) og ulike smaksstoff.

Her kan du sjå kor høg alkoholprosent forskjellige drikker har:

Alkoholfritt øl under 0,7 %
Lettøl 2,5 %
Øl Inntil 4,76 %
Sterkøl 5-7 %
Vin (raud, rosé, kvit) 8-13%
Heitvin 16-21 %
Brennevin 22-60 %
 

Øl, vin og brennevin

Øl
Øl lagar ein ved å gjære korn (bygg, mais, ris etc.). Stivelsen i kornet blir gjort om til maltsukker ved spiring. Ein legg spira korn i blaut, slik at maltsukkeret blir oppløyst i væska og deretter siler ein væska, såkalla vørter. Vørteren blir tilsett humle og sett til gjæring. Ein kan tilsetje smaks- og fargestoff og bruke sukker for å auke alkoholprosenten.

Vin
Vin lagar ein ved å gjære druesaft. Raudvin, kvitvin og rosévin blir laga av forskjellige druesortar og har gjerne namn etter området dei kjem frå, for eksempel burgunder. Musserande vin er vin der gjæringa har halde fram etter at vinen er tappa over på flaske, og som dermed inneheld kolsyre. Fruktvin er vin som er laga ved å gjære safta frå frukt og bær, for eksempel kirsebærvin og cider (frå eple). Heitvin og sterkvin som for eksempel sherry og portvin er vin som er tilsett brennevin for at vinen skal bli sterkare. Det kan også tilsetjast urter for få betre smak, som for eksempel i madeiravin.

Brennevin
Brennevin blir laga ved destillasjon av alkoholhaldige væsker. Whisky, rom, konjakk, vodka akevitt og anna brennevin har vanlegvis ein alkoholprosent på mellom 22-45, men sterke romsortar kjem heilt opp i 75 %. Væsker med meir enn 60 % alkohol blir rekna som sprit og er ikkje tillatne i Noreg.