Gruppeleiar
Du som er gruppeleiar, skal leie gruppa gjennom dette arbeidet. Oppgåvene dine som gruppeleiar er
- å samarbeide med læraren om planlegging og gjennomføring av Unge & Rus
- å kjenne måla til Unge & Rus
- å vite kva for oppgåver de skal løyse
- å sørgje for at oppgåvene blir fordelte mellom dei som er med i gruppa
- å leie diskusjonane i gruppa og sørgje for at alle får høve til å delta
- å halde tidsfristane
- å motivere gruppa til å bli ferdig med oppgåva "vår meining" til avtalt tid
- å skrive logg
Arbeidsmetodar
I Unge & Rus er det individuelle oppgåver, gruppeoppgåver og heimeoppgåver. Gruppeleiaren må alltid vite kva for oppgåver gruppa skal arbeide med. Denne informasjonen skal du få av læraren din. Oppgåvene skal oppsummerast i plenum på slutten av kvar dag.
Samarbeidsreglar
Gruppeleiaren skal ta ansvar for at gruppa diskuterer korleis samarbeidet skal gå føre seg. Det er viktig at alle i gruppa er med på gruppearbeidet, og at alle meiningar blir høyrde!
Eksempel på samarbeidsreglar:
- Sei di meining og lytt til andre.
- Tidsfristane må haldast.
- Alle må vere med og gjere sitt beste.
- Arbeidsoppgåvene må fordelast likt.
- Problem skal løysast innanfor gruppa.
- Ein kan vere ueinige utan å vere uvenner.
- Det daglege arbeidet er like viktig som sluttproduktet.
Logg
De skal skrive logg kvar dag! I loggen tek de med
- kva gruppa har arbeidd med i dag
- korleis arbeidsinnsatsen har vore
- om gruppa har teke ansvar
- om det har gått greitt å halde avtalar og tidsfristar
- kva som har gått bra
- kva som har gått mindre bra
Bruk gjerne ei eiga loggbok til loggen.