Kvifor fokus på alkohol
Alkohol er det vanlegaste og mest brukte rusmiddelet i Noreg. Alkoholkonsumet i den norske befolkninga har auka sterkt dei siste ti åra. Med auka forbruk aukar også omfanget av negative sosiale og helsemessige konsekvensar, med vald, seksuelle overgrep, sjukdom og avhengnad som nokre av konsekvensane. Nordmenn drikk seg også oftare berusa enn før, noko som også aukar risikoen for akutte skadar. Ved nesten alle former for brå og invalidiserande ulykker hos ungdom og unge vaksne speler alkohol ei rolle. Alkohol er ei av dei viktigaste dødsårsakene blant unge i alderen 15-29 år.
Dei fleste blir alkoholbrukarar i ungdomsåra. Problemstillingar knytte til normer og haldningar rundt tema alkohol er derfor aktuelle for ungdom. Ei rekkje studiar tyder på at låg debutalder kan innebere ei negativt utvikling, med seinare rusproblem og avhengnad. Forsking har òg vist at for dei som utviklar eit misbruk av illegale rusmidler, har dei legale rusmidla fungert som "stigar" inn i rusmiddelbruken.
Mange ungdommar og vaksne har ei oppfatning av at fokus på illegale rusmiddel er eit meir relevant tema enn alkohol for elevar i vidaregående skole. Synspunktet kan delvis forståast som ei fleirtalsmisforståing som dreiar seg om at ungdom har ein tendens til å overvurdere bruken av illegale rusmiddel blant jamaldringar. I tillegg har media ein tendens til å prioritere nyheiter som handlar om illegale rusmiddel framfor alkohol, noko som er med på å skape eit ukorrekt bilete av rusproblematikken i Noreg.
I heile den vestlege verda er cannabis, og då først og fremst hasj, det illegale rusmiddelet flest unge rapporterer å ha brukt. I 2008 opplyste i overkant av 10 % av ungdom i alderen 15-20 år at dei hadde prøvd cannabis, men eit fåtall av desse bruker det regelmessig. Sjølv om det er ei lita gruppe ungdommar som kjem i kontakt med illegale rusmiddel, kan det vere nyttig å få diskusjonar knytte til bruk av illegale rusmiddel, blant anna som et ledd i å utvikle og styrkje restriktive haldningar. Men dette bør komme som eit tillegg til fokuset på det som er mest relevant - alkohol.