Ungdom og bruk av narkotika
Statens institutt for rusmiddelforsking, SIRUS, gjennomfører årlege spørjeskjemaundersøkingar om bruk av rusmiddel blant ungdom i alderen 15-20 år. I 2007 svarer 11 prosent av ungdommane i denne aldersgruppa at dei har brukt cannabis. Mellom 2 og 3 prosent svarer at dei har prøvd amfetamin, kokain eller ecstasy eller har sniffa, mens godt under 1 prosent har prøvd heroin eller GHB. Det er litt fleire ungdommar i Oslo som har prøvd ulike narkotiske stoff enn i heile landet sett under eitt (Skretting 2007).
Dette vil seie at dei aller fleste ungdommar i alderen 15-20 år aldri har prøvd narkotika, og dei fleste som eksperimenterer med cannabis, legg bort vanen eller utviklar eit lågfrekvent bruksmønster (Pedersen 2006).
Lover og reglar
Dei narkotiske stoffa som er førte opp på den norske narkotikalista, er omfatta av narkotikalovgivinga. All bruk, innehav, omsetjing og andre former for ulovleg omgang med narkotiske stoff og lækjemiddel kan medføre straffeansvar i Noreg. I motsetning til i mange andre land blir alle stoff handsame likt etter lova. I praksis vil mengda av stoff og kva stoff det dreiar seg om, få innverknad på straffevurderinga (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Lækjemiddellova og straffelova inneheld føresegner om straffevurderinga. Lækjemiddellova omfattar mindre alvorlege forhold, det vil seie bruk og innehav av små mengder cannabis og narkotiske lækjemiddel som ein har tileigna seg på illegal måte. Strafferamma er her inntil 6 månaders fengsel. Straffelova rammar andre narkotikalovbrot – tilverknad, innførsel, utførsel, erverv, oppbevaring, sending og overdraging. Slike lovbrot har ei øvre strafferamme på høvesvis 2, 10, 15 og 21 års fengsel, avhengig av arten og omfanget av brotsverket. Straffelova § 317 rammar heleri og anna økonomisk utbytte av eit narkotikabrotsverk. Det vil seie at kvitvasking av narkotikamiddel er kriminalisert. Strafferamma er gradert, men kan under særs skjerpande omstende medføre fengselsstraff inntil 21 år (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Her følgjer informasjon om ulike stoff:
Amfetamin er eit syntetisk framstilt stoff. Amfetamin verkar ved å auke mengda av to såkalla signalstoff i hjernen: noradrenalin og dopamin. Signalstoffa formidlar nerveimpulsar frå ei nervecelle til den neste, og når mengda av ein type signalstoffa aukar, vil mottakarcella sende ut mange impulsar. Ho kjem i ”høggir”.
Dopamin er knytt til mange ulike nervebaner. Ei av dei er dei såkalla motivasjonsbanene, som blant anna har samband med område som gir kjensle av godt humør og velvære. Ein av konsekvensane ved bruk er derfor at dei fleste liker verknaden, somme veldig godt, slik at dette overskuggar andre gleder i verda. Hjernen kan oppdragast til å få lyst på meir av stoffet, slik at personen opplever sug etter stoffet og lengsel etter tilførsel.
Noradrenalin er knytt til reguleringa av trøyttleik, stress, svoltkjensle, og til det å mobilisere kroppen til angrep eller flukt: alarmreaksjonar. Verknaden av amfetamin er vanlegvis undertrykking av svolt og trøyttleik og ei kjensle av energi og kraft. Sjølvkritikk, utryggleik og varsemd blir ofte redusert. Stoffet er blitt brukt i krig for å få angrepsvillige soldatar til ikkje å kjenne kor trøytte dei er.
Faremomenta er først og fremst utvikling av avhengnad. Mange mistar kontrollen over bruken og kjem inn i hardbruksperiodar der dei sluttar å sove, et for lite, neglisjerer andre ting i tilværet og misbruker eigen kropp, familie og tilvære. Når ein sluttar, er det lite signalstoff tilgjengeleg igjen, og livet er trist - tungsinn og oppleving av meningsløyse kan dominere. Dette gjer at bruken held fram og kan bli svært intensiv.
Mange kan bli nokså aggressive under slik hardkøyrperiodar, slik at dei kan bli valdelege. Det er òg vanleg å bli mistenksam, ikke sjeldan få tendensar til paranoia. Angst, søvnvanskar og uroperiodar er nokså vanleg. Når ein tek stoffet, vil blodtrykket stige, og hjarterytmen blir ofte rask. Dette kan gi hjartestans eller hjernebløding. Stoffet blir ofte sett med sprøyte, og det kan gi smitte av ulike sjukdommar (Helge Waal 2006).
Utbreiing av amfetamin
Nest etter cannabis er amfetamin det mest brukte illegale stoffet i Noreg. Bruken auka sterkt i 1990-åra. I undersøkingane frå 2006 opplyste rundt 3 prosent av unge mellom 15 og 20 år at dei hadde prøvd amfetamin (SIRUS 2006). Amfetaminbruken blant eldre ungdommar og vaksne er ikkje godt nok kartlagd. Vi må rekne med at det finst store mørketal, noko som blir stadfesta blant anna av blodprøver på sjåførar som er mistenkte for påverknad, der amfetamin blir funne i stadig fleire prøver. Bruk av amfetamin har tradisjonelt hatt samanheng med sosiale og psykiske problem, men mykje tyder på at auken ikkje einsidig kan knytast til slike bakanforliggjande faktorar. Blant anna var amfetamin og andre sentralstimulerande stoff populære i house-miljøet. Talet på beslag av amfetamin er meir enn tredobla dei siste ti åra, og beslaglagd mengd har òg auka sterkt. Det blir no gjort beslag over heile landet, men mest i osloområdet.
Ecstasy er òg eit syntetisk framstilt illegalt rusmiddel, - gjerne laga som tablettar eller kapslar. Ut over rusverknaden kan stoffa føre til kvalme, uro og at ein blir frykteleg varm. Stoffa kan gi auke av hjerteaksjon og blodtrykk. Store dosar aukar risikoen for hallusinasjonar, ofte følgde av forfølgingsførestellingar og psykoseliknande tilstandar. Panikk, angst og depresjonar kan òg følgje med. Korttidsverknader ved bruk kan vere at ein får vanskelegare for å konsentrere seg, vanskar med å hugs ting og lære seg nye ting - altså mykje av dei same verknadene som ved bruk av amfetamin (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Utbreiing av ecstasy
Ecstasy dukka opp i visse ungdomsmiljø i midten av 1990-åra. Dei første åra auka bruken, men det ser no ut til at han har stabilisert seg. Om lag 2 prosent av ungdom mellom 15-20 år i Noreg opplyste i 2006 at dei hadde prøvd ecstasy (SIRUS 2006). Mange av dei som har erfaring med ecstasy, har òg erfaring med amfetamin. Sjølv om ecstasybrukarar kan ha forankring i housemiljøet, skil ikkje desse seg lenger så mykje frå andre rusmisbrukarar, men har same kjenneteikn som brukarar av annan narkotika. Delen på landsbasis som seier dei er blitt tilbodne amfetamin og ecstasy, har vore stabil på 9-14 prosent dei siste åra (Skretting 2006).
Cannabis er eit samleomgrep på marihuana og hasj, der verkestoffet kjem frå cannabisplanten. Ut over rusverknaden blir ein søvnig og kan få plutseleg lyst på mat og søtsaker. Vidare kan bruk føre til kvalme, raskare hjarterytme og lågare blodtrykk. Korttidsverknader er redusert konsentrasjon, endra stemningsleie, vanskar med å hugse og lære nye ting, samt at man blir kritikkløs. Langtidsvirkninger av bruk kan vere sløvskap, apati, dårlegare konsentrasjon, innlæringssvikt og manglande motivasjon. I tillegg kan ein få auka risiko for angst, depresjonar og psykosar (Sosial- og helsedirektoratet 2006). Nyare forsking kan tyde på at risikoen for psykose er rundt 40 prosent ved bruk av cannabis, og talet er høgare for dem som bruker stoffet regelmessig (Moore m.fl. 2007).
Utbreiing av cannabis
Cannabis, og då først og fremst hasj, er det mest brukte illegale narkotiske stoffet i Noreg. Hasjbruken har gått i bølgjer. Bruken heldt seg lenge stabil i 70- og 80-åra, men auka i andre halvdel av 1990-åra. Nivået som gjaldt for Oslo-regionen for ti år sidan, er no blitt landsnivået, og cannabis blir brukt i heile landet. Dei siste åra ser det ut til at eksperimenteringa blant dei yngste igjen er stoppa opp og faktisk har gått noko ned. Mens det i 2000 var 19 prosent av 15-20-åringane som hadde prøvd cannabis, hadde prosentdelen gått ned til 13 i 2006 (SIRUS 2006).
Kokain blir utvunne av kokablad, men kan òg framstillast syntetisk. Utover rusverknaden kan kokain undertrykkje svoltkjensle og søvnbehov. Bruk kan i særleg store dosar gi kvalme, kramper, uro og i verste fall pustestans. Kokain kan i verste fall gi livstruande forstyrringar i hjarterytme og farlege blødingar. Korttidseffektar ved bruk av kokain kan vere redusert konsentrasjon, endra stemningsleie, vanskar med å hugse og lære og at ein blir ukritisk. Brukaren kan bli rastlaus, opphissa og ekstremt engsteleg og oppleve panikkanfall. Ved bruk over lang tid kan ein bli svært irritabel, ha vanskeleg for å sove, bli mistenksam og somme gonger få forfølgingsførestellingar med psykotisk preg (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Utbreiing av kokain
Kokain og kokainprodukt har hittil ikkje fått stor utbreiing i Noreg. Det kan blant anna komme av at prisnivået framleis er høgt. Mange føretrekkjer amfetamin, som er billigare, gir tilnærma same verknad og verkar lenger. Likevel viser undersøkingar frå EMCDDA (European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction) i 2005 at kokain er i ferd med å vinne aukande innpass over heile Europa. Kokain er sterkt avhengnadsdannande, og i fleire land ser ein no at fleire søkjer behandling for misbruk av kokain enn for amfetamin og heroin (Pedersen 2006).
Undersøkingar blant ungdom under 20 år viser at berre eit fåtal (2 prosent) har prøvd kokain (SIRUS 2006). Vi må gå ut frå at ein stor del av kokainbruken skjer i lukka miljø. Det er derfor mørketal – kanskje store – som ikkje blir fanga opp av undersøkingar og beslag.
LSD blir framstilt som eit vassløyseleg salt og finst i form av tablettar, kapslar etc. Ut over rusverknaden kan LSD leie til kvalme, uro og at ein blir veldig varm. Ein kan òg risikere forstyrringar i hjarterytme og i blodtrykk. Korttidsverknadene av bruk av LSD kan vere at ein får problem med å konsentrere seg og vanskeleg for å lære nye ting. LSD gir store svingingar i humør - ein kan gå frå å ha det veldig bra til å bli skrekkeleg redd, frå lykkekjensle til angst, panikk og sterke depresjonar. Dersom ein bruker LSD over tid, kan ein stå i fare for at livet blir prega av vrangførestellingar og hallusinasjonar (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Utbreiing av LSD
LSD har aldri hatt noka stor utbreiing i Noreg. I andre halvdel av 90-åra var det flere indikasjonar på at LSD hadde fått auka popularitet. Tendensen og beslagstala for dei siste åra tyder likevel på at bruken av LSD er svært avgrensa. Dette biletet kan naturlegvis endre seg, men det er liten grunn til å tru at LSD vil bli ein viktig del av narkotikabruken i Norge. Under éin prosent av ungdom mellom 15 og 20 år opplyser at dei har brukt LSD (SIRUS 2006).
Opiod kjem frå opiumsvalmuen eller kunstige stoff med same verknad. Opiod omfattar blant anna stoffa morfin og heroin. Heroin verkar dempande på sentralnervesystemet generelt og er bedøvande. I tillegg kjem ein rus etter nokre sekund som varer frå 4 til 12 timar og kjennest som velbehag kombinert med nedsett sjølvkritikk og likesæle overfor daglege problem. Ofte blir brukarane trøytte, kvalme og/eller rastlause. Heroin kan lamme pustesenteret. Dersom det skjer, vil brukaren døy. Alle opiod er svært vanedannande og sterk avhengnad kan utviklast på eit par veker. Toleranseutviklinga er høg, det vil seie at dosen må aukast merkbart mellom kvar gong for å gi same rus. Inntak av heroin blanda med alkohol kan vere livsfarleg, fordi blandinga er vanskeleg å kontrollere.
Langvarig bruk av opiod gjer brukaren trøytt og sløv. Brukaren blir kjenslemessig ustabil og mistar tiltakslyst. Abstinensane er sterke og startar gjerne tolv timar etter siste dose. Dei første symptoma er angst, uro og rastløyse. Seinare kjem vanlegvis brekningar, feber, diaré, rask puls, blodtrykksfall og væsketap. Abstinenssymptoma er verst dei tre første døgna, og går gradvis over i løpet av ei veke eller to (Ola Jøsendal 2005).
Utbreiing av opiod
Berre ein liten del av dei som misbruker opiod, har byrja bruken i samband med legebehandling. Dei fleste er «ikkje-medisinske» brukarar. Det ser ut til at omfanget av sprøytemisbruk er blitt redusert dei siste åra, etter ein auke i perioden 1997-2001. Til forskjell frå mange andre europeiske land, der heroin i større grad blir røykt, er det i Noreg ein utbreidd ”sprøytekultur”, noko som inneber større risiko for overdosar og infeksjonssjukdommar.
Sjølv om dødsraten framleis er høg, har talet på overdosedødsfall falle med rundt 40 prosent sidan toppåret 2001. I 2005 døydde 184 personar som følgje av narkotikamisbruk (Kripos). Om lag to tredelar var menn, ein tredel kvinner. Årsaka til nedgangen i overdosar er truleg at styrkeprosenten i heroinet er svært låg, og at mange er blitt hjelpte av behandling med Metadon og Subutex (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Beslaga av heroin har både i tal og mengd falle kraftig dei siste fem åra, noko som òg tyder på at bruken av heroin er mindre utbreidd.
Sniffestoff er løysemiddel som blir framstilte industrielt. Dei mest vanlege er løysemiddel for lakk og måling, lim, bensin, reinsevæsker og diverse spraymiddel. Sniffing gir irritasjon av luftvegar og slimhinner. Sniffeprosessen inneber stor risiko som følgje av overdose eller surstoffmangel. Ved sniffing kan ein få redusert konsentrasjon, endra stemningsleie, vanskar med å lære og hugse nye ting. Sjølve rusen liknar stort sett alkoholrus, men med auka risiko for kvalme, auka spyttsekresjon, nysing, hosting og dårleg koordinasjon av musklane. Djupe inhalasjonar over kort tid kan føre til tap av sjølvkontroll, hallusinasjonar, medvitstap og krampeanfall (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Utbreiing
Omfanget av bruken av sniffestoff har alltid gått i bølgjer. Undersøkingar blant ungdom viser også at prosentdelen som nokon gang har sniffa, har gått kraftig ned i 1990-åra samanlikna med tidlegare tiår.
Sniffing er mest vanleg i seine barneår og tidlege ungdomsår. Dei fleste som sniffar, lèt det bli med en kortvarig eksperimentering og sluttar i 15–16-årsalderen. I eit skole- eller ungdomsmiljø kan sniffing plutseleg «oppstå som ein epidemi», for så å forsvinne igjen etter kort tid. Mange av dei som held fram med misbruk av løsemiddel etter ungdomstida, er prega av store problem fra barndom og oppvekst og har få ressurser til å hjelpe seg ut av ein forkommen situasjon (Sosial- og helsedirektoratet 2006).
Referansar:
Jøsendal, Ola (2005): forebygging.no/ spørsmål
Moore, T, Zammit, S, Lingford-Hughes, A, Barnes, T, Jones, P, Burke, M og Lewis, G. (2007): Rehashing the evidence on psychosis and cannabis.
The Lancet, volume 370, Number 9584,
28 July 2007.
Pedersen, W.(2006): Bittersøtt. Universitetsforlaget.
SIRUS (2006): Rusmidler i Norge.
Skretting, A.(2006): Ungdomsundersøkelsen 2006. SIRUS
Sosial og helsedirektoratet (2006): Fakta om narkotiske stoffer.
Sverdrup: Hjemme er et annet sted
Waal, Helge (2006): forebygging.no/spørsmål