Publiser på Unge & Rus
1000 kroner!
Klassa får kr 1000,- per elevbidrag som blir publisert på nettsidene til Unge & Rus og på Unge & Rus' område på YouTube. Læraren sender presentasjonen med e-post til Unge & Rus,
eller per post til:
KoRus-Nord
Postboks 385
8505 Narvik
Dersom elevbidraget inneheld bilete av elevar, må elevane og dei føresette skrive under på ein kontrakt der dei godtek at presentasjonen bli lagd ut på nettet. Læraren får slike kontraktar tilsende frå Unge & Rus.
Filmar som de vil ha publisert, må ikkje vare lenger enn ca. 3 minutt.